Arne totalavholdsforening i 1935.Dette året skifta laget navn til Ytre Arna avhaldslag.
Avholdsrørsla i Norge stod sterkt i på begynnelsen av 1900-talet. Den framveksande arbeidarrørsla såg og på alkoholen som noko som svekka arbeidarane sin kamp for betre kår, og den støtta avholdsfolket fekk herifrå betydde mykje. I 1910 hadde Arne totalavholdsforening 238 medlemmer, det høgste talet nokonsinne.
Den avgjerande prøvesteinen for avholdssaka kom i 1919 då det vart halde folkeavstemming om sal av sprit og heitvin skulle verta forbode i Noreg . I Arna vart det mobilisert kraftig, og det gav resultat: 1539 stemte for forbod, berre 22 imot.