"Sjappen". Huset nede til venstre er J. C. Andrè sin gjestgjevarstad.

Folk i Norge, også i Arna-bygdene, drakk mykje utover på 1800-talet. I 1872 fekk J. C. Andrè rett som gjestgjevar. Då fekk han og rett til sal av sterk drykk både til folket på staden og til reisande.

Revheim skriv: "Det ser ut til at det vart reint ille med drikking på staden no. Ofte sprang arbeidarane inn på Sjappen og fekk seg eit krus øl i arbeidstida, og etter arbeidstid sette dei seg gjerne der om kveldane. Der sat dei og drakk og røykte og prata."

Nå nokon blei nekta meir skjenk, kunne det bli bråk. Ein gong vart det så ille at verten laut gå etter Jürg Jebsen. Då han viste seg i døra, vart det stilt, og mennene luska ut att og gjekk kvar til seg. Men Jebsen sa sidan at han ville ikkje vera politi oftare.

Jürg Jebsen klagar i 1872 til heradstyret over at retten til utskjenking blir misbrukt. "Dels blir arbeiderne dragne fra arbeidet under arbeidstiden for at sidde der og drikke, og dels hersker der nu slikt fylderi og slagsmål som aldri kjendt på stedet før". Skulle det halda fram slik ville det bli nødvendig å "lønne et politiopsyn for å holde orden på utskjenkingsstederne". Men heradstyret avviser politioppsyn.