Arne Totalavholdsforening blir stifta i 1885.
På 1870- og 1880-tallet blir det sendt mange skriv med underskrifter til heradsstyret med krav om å begrense eller stoppe helt utskjenkinga i Ytre Arna. Det måtte søkast om løyve kvart år, I
1885 vart søknaden om løyve tilrådd av Jürg og Johan Jebsen og doktor Krohn. Dei meinte at om ikkje landhandlaren fekk skjenkeløyve, vil folk likevel "skaffe sig Spirituosa ad anden vei": Då kom det protestskriv mot dette med 140 underskrifter.
9.juni dette året kom ti fabrikkarbeidarar sammen og danna "Arne totalavholdsforening". Medlemmene måtte lova at dei ikkje skulle nyta noko slags sterk drykk. Lærar Johannes Tvedterås vart vald til den første formannen.
Dei kasta seg straks inn i kampen mot skjenkinga og drikkinga på staden. I 1886 var det forbode å selga alkohol til innbyggarane, men då gjestgjevaren vill søke nytt løyve, var den nye foreninga på pletten og skreiv til Haus formansskap:
"Det føles som en pligt at meddele det ærede Formannsskap at om en sådan bevilgning gives, vil den mottages med den største modvilje av de fleste av stedets indvånere".
Dei påpeiker og at skjenkinga som går føre seg på dampbåtane "Arne" og "Ole Bull" undergrev vedtaket om skjenkeforbod.
Vedtaket om skjenkeforbod stod ved lag dette året.