På dampskipa som gjekk på fjordane vart det skjenka alkohol. Her er skipet "Johan Jebsen".

I dei første åra på den unge fabrikkstaden tok arbeidarane med seg skikkane dei hadde frå gardane dei kom frå. Dei brygga alltid til jul og også ofte elles i året. Men dei hadde liten plass, og dei leigde ein bonde til å brygga for seg.

Då dampbåtane kom på 1860-talet, vart det lettare å få tak i sterk drykk. Arbeidarane slo seg sammen og fekk øl og brennevin frå byen.

På dampbåtane som gjekk inover fjordane fekk ein og kjøpt alkohol.Når båten la til brygga, kunne folk gå ombord og forsyna seg. Om laurdagane og søndagane tok dei gjerne drikketurar til dei næraste gjestgjevarstadane og drakk og tura.