Fabrikkområdet i oktober 1853

I tillegg til fabrikken (1) og smia (2) som også var var klar til sommaren 1853 så fekk ein reist fleire bygningar utover hausten. Eit langt tørkehus (3) på nesten 40m var på plass. Tørking av råstoff og garn var ein viktig del av produksjonsprosessen.

Det blei også reist ein bustad (4) for arbeidarane. Dette bygget blei mange år seinare kalla “Jentehuset” og var plassert i “Gata”. Namnet “Gata” kjem kanskje av at det var steinsett langs bygget, nett som gatene i Bergen?

Fabrikkområdet i desember 1854

Fleire arbeidarar kjem til og ein trong fleire husvære. I første omgang blir “Jentehuset” utvida, men truleg blei det også reist husvære andre stader. I 1854 blei det òg sett opp nye bygg til fargeriet (5), dampkjel (6) og for gassinnretning (7). I perioden 1854-56 blir det gjort endringar på “klædefabrikken”, fabrikklokalet frå 1853.