Pakkhus 1855 (8) + ombygget Klædefabrikk 1856 (1) - Tegning kjem

Det var ikkje berre ved sjøen at ullvarefabrikken trong pakkhus, ein måtte også ha lagerplass på fabrikkområdet. Huset med ei grunnflate på 7.7x12.7m hadde tre etasjar + kjellar, var oppført med stenderverk og “innmurt med teglstein”. Bygningen blei riven i 1881 for å gje plass til ein ny kontorbygning. Det var nokre år før (1878) reist ein ny lagerbygning på Leitet, den blei seinare kalla “nyalageret”

Klædefabrikk er den første fabrikkbygningen som blei reist i 1853. Den er tidlegare omtalt som “Den nye fabrikkbygningen (1) lenger oppe i elva” Huset blei noko ombygd i 1856. Vasshjulet i enden på huset går over to etasjar og har ein diameter på ca 6m. I første etasje er det tre rom som vert nytta til stamping, vasking og pressing. I andre etasje var det spinnemaskiner, kardemaskiner og rensemaskin. Tredje etasje var veverom mens det også på loftet var spinnemaskiner.