Fabrikkbygningen (1) lenger oppe i elva. - 1853.
Her ser ein ei skisse av den nye fabrikken med vassrenne som fører vatn frå Blindheimselva og inn til vasshjulet som stod i enden av bygget . Det var tre etasjar + loft i bygningen. Veggar i første etasje var oppført av gråstein, andre etasje var utført i tre og “utmurt med tegl mellom stolpane" mens tredje etasje og loft var av vanlig stenderverk og kledning. Bygget hadde same utforming og utsjånad som den første fabrikken som brant ned i 1852 nede ved sjøen. Det var nok praktisk å nytta “copy and paste”, ein hadde ikkje tid å gjere store endringar, ein ville få bygningen på plass så snart som mogleg.
Karding og spinning blei utført i andre etasje mens tredje etasje blei nytta til veving. På teikning er loft omtalt som “tørkeloft”. Bygningen hadde ein etasje mindre enn den som brant ned året før nede ved sjøen. Fabrikkbygningen blei endra i åra 1854-56, ombygd i 1879 og først riven i 19??