Arbeidarbustader frå 1914 og 1915 (“Valen” og “Jentehuset”)

Stadige utvidingar ved ullvarefabrikken medførte også fleire arbeidarar. Dei måtte ha ein stad å bu, og derfor oppførte fabrikken i 1914 det store huset “Valen” på Leitet. Det var ein to-etasjes trebygning med kjellar og loft. Branntaksten er frå november 1914. Huset eksisterer enno og er i god stand.

Det første bustadhuset fabrikken reiste i “gata” i 1853 og utvida året etter var ikkje lenger tjeneleg som bustad. Det blei rive i 1914. På same staden blei det i 1915 reist eit nytt hus med samme grunnflate som det gamle. Også det nye huset hadde to etasjer + loft og utan kjellar. Branntaksten er frå oktober 1915. Huset blei ca 1930 flytta bort til fabrikken og nytta til lager, før det kring 1945 blei flytta til “Gården” der det står enno i god stand.