Oppstarten i 1852 og 1853

Jürg Jebsen, Hans Hansen og Hans P.F. Mathissen som starta ullvarefabrikken var alle frå Slesvig. Firmaet hadde i starten namnet H. Hansen & Co, og den første fabrikkbygningen reiste dei i 1852 nede ved sjøen, ved sida av bomullsvarefabrikken. Om det blei produsert noko før bygningen brann ned 3. november dette året er usikkert. Teikning av dette bygget, både situasjonsplan, planar og fasadar er vist i historia om bomullsvarefabrikken.

Fabrikken blei ikkje bygd opp att nede ved sjøen. Berre nokre dagar etter brannen, den 15. november skreiv dei kontrakt med grunneigarar om å kjøpe grunn til ny fabrikkbygning lenger oppe langs Blindheimselva. Dette står å lese i boka til M. L. Revheim. Vidare skriv han: “Fyrr ullvarefabrikken hadde fengje opp eigne bygningar, innstallera dei maskinone sine i romi til bomullsvarefabrikken og dreiv verksemdi der ei kort tid”. Dette var truleg i tida etter brannen, eller kan det være før dei fekk reist det første bygget ved sjøen?.

Arbeidet med å etablere ny fabrikkbygning (1) starta truleg rett etter brannen og var ferdig tidleg sommar 1853.