Det store våningshus (“Jebsahagen”) 1858 + Hestestall 1858

Dei to fabrikkeigarane som budde på staden, Jürg Jebsen og Hans Hansen ville ha eigen bustad. Jürg var nesten nygift med engelske Eliza Laycock og “jentehuset” der karane budde tidlegare var ikkje rette bustaden for ei “direktørfrue”. Huset oppført av tømmer har ei grunnflate på 9x15.3m og hadde kjellar + to etasjar samt loft. Det var avdelt på midten med eigen inngang for dei to familiane. Det blei òg reisdt ein hestestall med plass til fire hestar + vogn.

Utviding av “Jebsahagen” i 1865

Tegning til venstre fortel at huset er oppført i 1858 i.h.t branntakstprotokoll av januar dette året. Huset blei truleg ferdigstilt i 1857 men kanskje påbegynt i 1856 som er det året M.L.Revheim skriv om i boka si. Nokre år seinare var det tid for å utvide med eit tilbygg i kvar ende. Det blei plass til fleire stover, bl.a spisestove og fleire soverom. Lengda på huset auka frå 15.3m til heile 32m. Det blei etterkvart ein fin hage kring huset og det tjente som direktørbustad til den nye stod klar på Liahaugen i 1912.