Fabrikkområdet i august 1887
På dei 22 åra sidan situasjonsplanen frå 1865 har fabrikkområdet utvikla seg med fleire nye bygningar. Ein veveribygning (17) blei oppført i 1868. Den stod heilt til 1943. Bak denne blei det i 1878 reist ein tilsvarande veveribygning (18), men den brant ned i 1886. Ny bygning var på plass i 1887. Når denne bygningen blei riven er litt usikkert, men truleg i slutten av 1950-talet.
Klædefabrikken (11) frå 1859, no spinneri, brant også ned i brannen omtalt over. Også her var ny bygning på plass året etter d.v.s 1887. Appreturbygningen (13) nederst i elva blei påbygd i 1875.
I 1879 var det ei større ombygging der den første fabrikkbygningen (1) og “Stampebygningen (15) blei bygd saman til ein bygning. M.L. Revheim skriv om dette i boka si. Pakkhuset (8) huset frå 1855 blei riven i 1881 og ein ny kontorbygning (19) blei satt opp på same staden i 1882. Den blei riven i 19??. Dei andre bygningane på teikninga er omtalt på tidligare situasjonsplanar.