Fabrikkområdet i september 1855

Dei første par åra blei det oppført mange bygningar, men i september 1855 var det tilkomen endå ein bygning (8). Dette var eit pakkhus med "tørreinnretning" som blei oppført dette året.

Dei andre bygningane på tegningen er omtalt på teikninga "Fabrikkområdet desember 1854"

Fabrikkområdet i juli 1859

Vi er komen til sommaren 1859, og det har skjedd endringar på fabrikkområdet. Det lange tørkehuset (3) som ein oppførte i 1853 blei rive etter fem år. Eit nytt kjelehus (9) blei reist i 1858 fordi det gamle måtte rivast. Grunnen til det var for å gje plass til ein ny stor «Klædefabrikk» (11) ved sidan av fargeriet (5).

Det var hestane som var «lastebilar» den gongen. I 1858 blei det reist ein eigen bygning, ein hestestall (10) i nærleiken av våningshuset (4).