Lagerbygg 1878 (x)

Etter kvart som det var reist mange bygningar på fabrikkområdet var det vanskeleg å få plass til nye. Ein hadde no trong for meir lagerplass og det vart i 1878 sett opp ein ny bygning ned mot Leitet. Dette var ein to-etasjes trebygning + loft med ei grunnflate på 7.7x12.5m. I gavlen som vende opp mot elva var det i alle tre etasjane ei to-fløya dør for å ta inn/ut varer. Bygningen blei seinare kalla “nyalageret” og skal òg ha vore nytta til å lagre utstyr til brannsløkking. Då ein skulle byggje ny bru til hovedvegen over elva (ca 1943-44) måtte bygningen rivast.

Hestestall 1879 (10)

Hestestallen som blei satt opp i 1858 var ein ein-etasjes bygning med plass til fire hestar. Ein trong no meir plass til vogner og anna utstyr. I 1879 blei derfor bygningen utvida med ein etasje slik bildet viser. Sjølv om bruk av hest blei avløyst av lastebilar tidleg i 1920-åra blei bygningen ståande til fram mot 1940. Då måtte den rivast for å gje plass til ein ny og stor garasjebygning.

Kontorbygning 1882 (19)

Det blei dette året reist ein kontorbygning i to etasjar, Det var ein trebygning med grunnflate 7.8x14m. Året før blei pakkhuset (8) frå 1855 rive, og det var her kontoret blei plassert. M.L.Revheim skriv om bygningen i boka si slik: “Det vart so sett opp ein sers kontorbygning og den vart ombygd i 1882. Kva er rett her? Var det pakkhuset (8) som kanskje også blei nytta til kontor før 1882 og som blei ombygd, eller blei det sett opp ein heil ny bygning (19)?

Kontorbygning stod heilt til ca 19??