Fabrikkområdet i september 1863
Det har vore stor aktivitet frå juli 1859 til september fire år seinare. I 1860 blei det øverst i elva reist ein “shoddybygning” (12). I 1861 etablerte ein den store “appreturbygningen” (13) lengst nede i elva, nær Leitet. Der blei det òg bygd ei ny smie (14) i 1863, og den gamle (2) frå 1858 blei rive dette året. Endå ein bygning blei reist i 1863, nemleg “stampehuset” (15).
Fabrikkområdet i 1865
Når vi er komen til 1865 har fabrikken reist to nye bygg. I 1864 blei fargeribygningen riven etter berre 10 år, den var for liten. Eit mykje større fargeri (5a) blei reist på same staden året etter og stod heilt til 1923. Også eit anna bygg er komen på plass, nemleg eit lagerbygg (16). Det skjedde i 1864 og dette bygget stod heilt til 1938 før det blei rive. No begynner det å bli trongt om plassen på fabrikkområdet med i alt 12 bygningar, er det plass til meir?