Appreturbygning (13) - Påbygg i 1875
Det er gått nesten 15 år sidan appreturbygningen nederst i elva blei bygd. Den var på ein etasje. Det begynte å bli trongt på fabrikkområdet og her såg ein ei mogelegheit til å utvide. Bygningen blei påbygd med to nye etasjar. Det var eit tilbygg i enden, ut mot elva. Det inneheld vasshjulet, noko som ikkje var der når bygget blei reist i 1861. Dette tyder på at det ikkje berre var rein appretur ein skulle drive med men også anna produksjon. Les meir om bygget seinare.
Den første fabrikkbygningen (1) - Ombygging i 1878/79
Bygningen blei reist i 1853. Den viktigaste endringa var ein ekstra etasje og annan takkonstruksjon slik at ein fekk større loft, Alle etasjane over kjellaren blei no utført i mur, slik var det ikkje før.
Den første fabrikkbygningen (1) - Ombygging i 1878/79
På planteikning og fasader ser ein at stampehuset (15) frå 1863 står som ein fløybygning inn mot fabrikkbygningen og er knytta saman med denne. M.L. Revheim skriv i boka si om ombygginga til den gamle fabrikkbygningen, men stadfester det til 1874. Teikningane refererer til “Brandtaxtion av febr. 1879”. Bygningen (1) blei ståande heil til 19?? før den blei riven.