Innleiing
Denne historia fortel kronologisk korleis Jürg Jebsen, Hans Hansen og Hans Peter Friedrich Mathissen bygde opp bygningsmassen til ullvarefabrikken. Alle teikningar er henta frå Universitetet i Bergen sitt bildearkiv. Dette er teikningar fabrikken fekk laga i åra 1942-45 basert på bl.a gamle branntakstprotokollar. Ein hadde truleg behov for ei oversikt til 100-års jubileet i 1946.
Teikningane viser kanskje ikkje eit heilt riktig bilde av fabrikkområdet, men med nøyaktige lengdemål i alen (0.6275m) på bygg og innbyrdes mellom bygga gjev det oss likevel eit godt innblikk tilbake i tid. Det er fabrikken sin faste arkitekt frå 1920-åra og frametter, Erlend Tryti med sine medarbeidarar som har utført dette arbeidet. Teikningane er henta frå
UIB Marcus/Billedsamling. Kvaliteten er varierande som de vil sjå.
Bildet er frå juni 1955.