Anker Johannesen var formann i fagforeininga ved Arne Fabrikker i ei årrekke etter krigen
Fagforeininga stod sterkt, men det var nok eit klart klasseskilje i Ytre Arna også etter krigen.
Ein episode frå 1959 kan illustrera dette. Til jul dette året hadde arbeidarane fått eit puslespel sammen med lønna, mens funksjonærane fekk stiveskjorter. Arbeidarane meinte at dei med ei slik gave nærmast vart samanlikna med barn og at denne utdelinga var ei uverdig handling. Den årlege juletrefesten til Arne Fabrikker måtte avlysast sidan ingen melde seg på. I årsmeldinga til fagforeininga dette året heiter det at dei "syntes fabrikkleiinga forstod lite av menneskelege følelsar, og at dette tilfellet heller burde gje fabrikkleiinga grunn til ettertanke i spørsmålet om meir likeverdig opptreden i forholdet mellom arbeidar og funksjonær".
Episoden seier nok ikkje alt. Det spørs nok kven ein spør om korleis forholdet var mellom sjefane og arbeidarane.