Frå sluttfasen for Arne Fabrikker. Arbeidarane ber preg av dette. Foto: Bergens Tidende.

Frå slutten av 1960-talet begynte nedgangstidene for Arne Fabrikker.

Fagforeininga kjempa ein fortvila kamp for å bevara arbeidsplassane , men det vart stadig nedbemanningar.

På slutten av 1970-talet pregar resignasjonen arbeidarane. På bildet frå venstre: Normann Rolland, Asbjørn Tunes, Mons Haukanes, Arne Reigstad. Bak står Anker Johannesen. Han hadde den utakknemlege oppgava å vera formann i fagforeininga i åra då det gjekk mot slutten for Arne Fabrikker.