Det første spor av felles aksjon frå arbeidarane

Her, på Sægardsbakken i 1872, finn ein det første spor av at arbeidarane ved Arne Fabrikker gjekk til felles aksjon.

Arbeidstida dei første tiåra var frå 0500 til 2000. Men ei stund no hadde det vore snakka om at dei burde få korta ned arbeidstida.

Det vart kalla inn til møte på Sægardsbakken. Ved avstemming om arbeidarane skulle driva saka gjennom, skulle dei som var for dette, gå på nedsida av vegen. Alle gjekk på nedsida.

Då Jürg Jebsen fekk vita om dette vedtaket, kalla han alle arbeidarane i ullvarefabrikken inn på lageret. Han ville ha eit greitt svar frå ein og ein om han var villig til å arbeida til klokka åtte om kvelden. Alle svarte nei, men sa seg villig til å arbeida etter gammal ordning i to månader.

Men det måtte eit nytt brev til for å minna leiinga på kva dei var blitt lova. Då vart arbeidstida sett ned til 0600-1900, og om lørdagen til 1700.

I 1884 vart arbeidstida korta ned med ein time til. I 1917 vart det 9 timars arbeidsdag, og i 1920 vart 8-timarsdagen innført.