Streik i 1909. Bildet viser streikande fyrstikkarbeidersker utanfor Kristiania i 1889.

"Vore Kaar er så usle at der maa ledes længe for at der kan findes noget lignende". Dette skreiv Arne Arbeiderforening til Arbeidsmandsforbundet og ba om støtte om det skulle bli konflikt.Dei fekk denne støtta, og dei sette fram krav til fabrikkleiinga om høgare løn. Dei viste til at dei tente mindre enn arbeidarar ved andre fabrikkar, m.a. Dale og Salhus. Krava vart blankt avvist av fabrikkleiinga.

Då gjekk foreininga til streik i ullvarefabrikken.Streiken kom til å vare frå 7.juli til 9.november 1909.

Tonen var til dels hard under streiken. Det vart henta inn streikebrytarar frå Bergen. Då nokre streikande skulle inn i fabrikken og "helsa på" desse, vart det stor oppstandelse i leiinga. Ein politistyrke som vart henta inn frå Bergen, patruljerte rundt fabrikkane eit par dagar. Direktør Koblick skal ved eit høve ha kome i slåsskamp med ei dame og havna i grøfta. På eit meklingsmøte under streiken var svaret frå leiinga: "Dere får spise grøt og melk".

Arne Arbeiderforening oppsummerte den fire månader lange streiken slik: "Økonomisk var ikkje vinsten stor. Men isen var sprengd. Om ikkje våren var der med det samme, varsla striden inn i ei ny tid".