Avisartikkel i sosialistavisa "Arbeidet" i Bergen

I juli 1900 skriv sosialistavisa "Arbeidet" i Bergen: "Naar arbeiderne er uorganiserede. Arbeidsforhold i Arne. Værre end i Rusland".

Sosialistagitatorar hadde vore i Ytre Arna og hadde arrangert eit møte i Samhold. Avisa skriv at på sjølve møtet turde ikkje arbeidarane ta ordet, men etter møtet fekk dei folk i tale.

Ein mann fortalde at han "paa sin stilfærdige maade" hadde gått til leiinga og bedt om eit lønstillegg på 10 øre i veka. Som svar hadde han fått når han var så uforskamma, skulle han få den nyleg konfirmerte sonen sin, som nettopp hadde begynt i fabrikken, heimatt. I staden for lønstillegg fekk sonen avskil.

Møtet må ha sett tankar i sving, for samme året blei Arne Arbeiderforening stifta.