Peter Jebsen grunnla Arne Fabrikker i 1846
Peter Jebsen grunnla Arne Fabrikker i 1846, og seinare kom brørne hans, Johan og Jürg med i fabrikkleiinga.
Jebsane var som kongar i bygda i mange tiår. Dei bestemte suverent kven som skulle få jobb og kven som måtte gå, dei fastsette løna og kor lang arbeidsdagen skulle vera. På resten av 1800-talet herska det patriarkalske forhold på fabrikkstaden. Men det var ikkje noko særskildt for Ytre Arna. Dette var vanleg ved fabrikkanlegg på denne tida.
Arbeidarane ved Arne Fabrikker i 1890
Arbeidarane som fekk arbeid i fabrikkane i Ytre Arna hadde ein fast jobb å gå til, men arbeidsdagane var lange og løna låg.
M.L. Revheim skriv i "Fabrikkstaden Ytre Arna" i 1946:
"Ei utgreiing rekna ut at årsløn for tekstilarbeidarar i Norge i 1850-åra var 600 kroner for menn og 360 kroner for kvinner. I Arne Fabrikker tente mennene på denne tida rundt 330 kroner og kvinnene rundt 210 kroner. Såleis var årslønene ved Arne Fabrikker mykje lågare enn ved tilsvarande verksemder elles".