Pakkhus (14) - 1854
Det var først i 1854 ein fekk tid til å reise eit nytt pakkhus etter brannen i 1852. Det var plassert på same stad som det gamle, hadde same utforming og var oppført av treverk. Bygget stod til 1916 då det vart rive for å gje plass til ei ny sjøbu.
Fargeribygning (16) - 1854
Når fabrikken starta med farging er uklart. Sigurd Grieg nemner eit bygg frå 1850 men den første fargeri-bygningen som viser på teikningane blei oppført i 1854. Dette var ein tre-etasjes bygning, oppført av stenderverk med “innmurt” teglstein og utvendig kledning. Brygget brant ned i november 1855 i følgje boka til M. L. Revheim og det stemmer også med tekst på teikninga.
Fargeri- og bleikeribygning (16) - 1856
I 1856, på same staden som det nesten nye og nedbrente fargeriet blei det oppført ein ny bygning som inneheldt både fargeri og bleikeri. Det var ein to-etasjes bygning med loft. Første etasje var av gråstein mens resten var treverk. Branntakstprotokollen er datert alt 20. februar 1856. Bygget blei reve ca 1875, men då var det alt sett opp ein ny fargeribygning ein annan stad på tomta.