Fabrikkområdet - 1867

Teikningen viser at bygningsmassen på området har endra seg sidan 1856. Ein ny spinneribygning (18) er reist i 1857 etter brannen i oktober året før. Den ligg framleis sør for veveriet men no i tilnærma nord/sør retning. Heilt til venstre på teikning (sør) ser ein bustadhuset (6b) til Peter Jebsen, oppført i 1856 og rive i 1940. På denne tida budde ikkje Peter på fabrikkstaden, han flytta til Bergen i 1864 for å drive med anna verksemd, bl.a som ein av Norges største dampskipsreiarar.

Ca 1865 blei det bygd ei ny sjøbod, markert som 19 på tegning. I 1867 blei det oppført ein ny veveribygning (20) på eit ledige område mellom veveriet og sjøboda.