Kraftverket frå 1934 - Del 2

Som del av kraftverksprosjektet måtte også dei gamle vassrennene frå Gaupåsvatnet og ned til inntaksbassenget lenger nede i elva fornyast. Ein ville erstatte desse med ein tunell. I januar 1934 blei det derfor sendt ut anbodspapir til utvalgte entreprenørar. Det skulle sprengjast eit tunelltversnitt på 2x2m i ei lengd på ca 400m. Utførande entreprenør var Johannes Fredriksen frå Tysse i Samnanger, ein mann ingeniør Einar Greve kunne gå god for. Arbeidet starta i april.

Undervegs i planlegginga viste det seg at ved å forlengja tunellen 220m bort til Sætre og vidare nedover ville ein få større fallhøgd og kraftytelse. Arbeidet med denne starta nokre månader seinare. Då med ein annan lokal entreprenør, Hans Skulstad frå Trengereid. Året etter, tidleg ein morgon i starten av august er ein klar med den siste salva og gjennomslag til Gaupåsvatnet. Ei stor folkemengde var på plass for å oppleve dette, også fabrikkeigar Karl Jebsen. Nokre dagar seinare er også alt røyrarbeid ferdig. Dette er omtala i BT 5. og 7. august 1935. Seinare, ca 1948-50 blei kraftverket utvida slik at det blei plass til ein ekstra turbin. Dette er omtalt i bedriftsbladet " Knuten" i påskenummeret 1951.