Pakkhus (4) - 1849

Dette var ein trebygning i tre-etasjar + loft med ark og talje for opp/nedheising av last. Alle etasjane bortsett frå loft var inndelt i store og mindre rom. I fasaden mot sjøen var det i kvar etasje ei stor to-fløya dør.

Den første spinneribygning (5) - 1850

Som tegning viser var dette ein stor bygning i fem etasjer med grunnflate på 11.3 x 25.1m. I enden av bygget var det eit overbygg som inneheldt det store vasshjulet. Det hadde ein diameter på ca 10m. Bygget var utført med stenderverk, kledning og stort sett forblenda med teglstein. Ein dampkjele sørga for oppvarming og at vasshjulet ikkje isa om vinteren.