Pakkbod (19) - Fyrhus (6) - Smiebygning (15)
Ein trong meir lagerplass og ei ny pakkbod (19) blei oppført ca 1865. Det var ein murbygning med to etasjar + loft med ark. På eine langsida var det to-fløya dører i alle tre etasjar, vendt mot sjøen. Bygningen blei revet en gang mellom 1948 og 1952.
Alt i 1851 blei det oppført eit fyrhus (6). Etter kvart som fabrikken blei større og den tekniske utviklinga gjekk framover blei bygget utvida og ombygd fleire gonger.
Alt i 1847 hadde ein etablert ei smie i eitt tilbygg til veveriet men den strauk med i den store brannen. Det var først i 1854 at det vart reist ein eigen smiebygning (15). Det var ein ein-etasjes murbygning som låg vest for veveriet, omtrent der det første bustadhuset (1) til Peter låg. Bygningen blei reven i 1933/34 for å gje plass til eit anna bygg.
Spinneribygning (18) - 1857
Alt dagen etter at spinneriet frå 1853 brant ned i oktober 1856 var det takst på skadane. Jebsen sette mange arbeidarar i sving og i februar 1857 var råbygget til det nye spinneriet klart. Bror hans, Johan var på denne tida i Manchester for å kjøpe nye maskiner og i følge M. L. Revheim var produksjonen i gong i mai.
Bygget var oppført med ein tre-etasjes hovedfløy og ein lavare fløy mot aust. Veggane i hovedbygningen var oppført med gråstein bortsett fra dei to øverste etasjane mot aust som var av teglstein. På loftet var det innreia ei reperbane som erstatning for den (13) som blei øydelagt/riven etter brannen året før. Branntakstprotokollen er datert 29. april og i følge M. L. Revheim blei bygget tatt i bruk i mai. Det blei stående til september 1883 då det endå ein gong braut ut ein brann som medførte at ein atter ein gong måtte byggje nytt.