Veveribygning - 1867 (20)

Mellom veveriet og pakkboda som blei oppført etter brannen i 1852 var det ein åpen plass. På dette området blei det i 1867 oppført ein mindre ein-etasjes veveribygning. Kanskje var det behov for meir veve-kapasitet?

Bygningen var ikkje så stor med ei grunnflate på vel 10x25m. Den hadde 40 takvindu og felles tømmervegg med pakkboda. Protokollen frå branntaksten er datert 29. mai 1867.

Veveri frå 1867 og andre bygningar

Bildet er frå ca år 1900 og viser alle bygningar på fabrikkområdet, bortsett frå dei som stod nord for elva: Fyrhus 1854, endra i 1867/1890 (6), Veveri 1853 (11), Pakkbod 1854, (14), Smie 1854, kun skorstein (15), Bustad til Johan Jebsen 1855 (Y), Bustad til Peter Jebsen 1856 (6b), Pakkbod 1865 (19), Veveri 1867 (20), Fargeri 1874 (21), Bustadhus 1880, «Jomfruburet» (23), Spinneri 1884 (25), Kontorbygning 1885 (26), Direktørbustad 1896 (X).