Dampsentral-anlegget frå 1935 - Del 1a

Damp var ein viktig del i produksjonen ved fabrikken. Når damp blei innført veit ein ikkje, kanskje før år 1900?. Det me likevel veit er at fabrikken tidleg i 1930-åra planla ei oppgradering av dampproduksjonen.

Den nye kraftstasjonen var ferdig i 1934 og der blei det installert to elektriske kjelar, kvar på 600 kW, som skulle nyttast i dampproduksjonen. Same året bestilte fabrikken to damputjevningskjelar frå AS Fredrikstad Mekaniske Verksted. Den eine på 126m3 (L=19m) skulle plasserast ved ullvarefabrikken medan den andre på 50m3 (L=11.5m) skulle stå ved bomulssvarefabrikken. Plassering er vist på bilda.

Dampsentral-anlegget frå 1935 - Del 1b

Det blei også i 1934/35 reist eit større bygg til dampkjelen. Vidare ein tilhøyrande skorstein på 35m samt nye dampledningar frå dampkjelen til fabrikkbygningane via utjevningskjelane.

Kjelane som stod ute magasinerte damp som blei produsert om natta. Dampen blei brukt i produksjonen på dagtid, bl.a i appreturavdeling og fargeri men også til oppvarming av bygga. Dei to el-kjelene som stod i kraftverksbygningen blei særlig brukt når det var mykje vatn i elva og nok av elektrisitet, slik kunne en spare på kolforbruket som blei nytta til å driva anlegget. Dampsentralanlegget blei åpna i august 1935, eit av dei mest moderne i Noreg.