Veveribygning (11) - 1853
Bygningen som blei reist etter brannen året før hadde same utvendige mål som den nedbrente. Grunnen til dette var truleg at ein kunne nytta noko av den gamle grunnmuren.
Bygget var oppført med kjellar, hovedetasje der vevstolane stod og ein loftsetasje. I følgje tegning er kjelleretasje utført av murverk/gråstein mens resten består av stenderverk og kledning. Vasshjulet er no flytta på sørsida av bygningen. Årsaka kan være at ein får eit felles vasshjulrenne til veveri og spinneri. Teikningar frå 1942-45 fortel at bygningen blei riven i 1902.
Spinneribygning (12) - 1853
Ikkje berre nytt veveri, men også spinneribygningen måtte byggjast opp igjen. Den blei plassert på same staden som den gamle og var på heile sju etasjar. Branntakst er datert 14 juni 1853.
Veggane i dei fire nedste etasjane vart no utført av gråstein. I dei to neste etasjane var det nytta teglstein mens toppetasjen hadde vanleg stenderverk som på utsida var kledd med stålplater. Vasshjulet som også no hadde ein diameter på ca 10m var innkledd og stod ved den vestre gavlen. I otober 1856 oppstod ein brann som øydela heile eller store delar av bygningen.