Fabrikkområdet i perioden 1904 til 1923
I 1902 blei dei to veveribygningane frå 1853 og 1867 rivne. Der desse bygningane stod blei det året etter reist ein stor «stiveribygning» (28)
I 1916 blei den gamle pakkboda frå 1854 riven. Ei ny sjøbod (29) blei reist i 1917 i tilknytning til «stiveribygningen» (28).
I 1917 blei kontorbygningen frå 1885 utvida (26). No fekk direktør Otto Herzog eige kontor.
I 1923 blei det gamle fargeriet (21) rive og ein ny fargeribygning blei oppført på same staden dette året.