Fabrikkområdet først i november 1852

Det som har skjedd det siste året er at bror til Peter, Jürgen(Jürg) Jebsen og nokre slektningar ville starte ein ullvarefabrikk. Dei hadde fått lov å reise den på fabrikkområdet til bomullsvarefabrikken og no er bygningen (8) ferdig. Den ligg mellom veveriet og den første arbeidarbustaden. Den 3. november brant den ned, truleg før produksjonen hadde starta.

I boka til M.L.Revheim omtaler han ullvarefabrikken lenger oppe i elva. Han skriv bl.a : “Fyrr ullvarefabrikken hadde fengje opp eigne bygningar, innstallera dei maskinone sine i romi til bomullsvarefabrikken og dreiv verksemdi der ei kort tid”. Dette var truleg i tida etter brannen, eller kan det være før ein fekk reist det første bygget ved sjøen?

Eit mindre våningshus (9) som truleg tilhøyrer den nye fabrikken er òg reist, heilt nord på tomta. Den lange smale bygningen (10) er eit tørkehus som enten tilhøyrer Peter sin fabrikk eller den nye ullvarefabrikken.