Fabrikkområdet i perioden 1923 - 1945
Sjøboda frå 1865 (19) og «Jomfruburet» (23) frå 1880 står framleis på tomta i 1945 og det same gjer utsalet (30) til Arne Forbrugsforening.
Den gamle smia frå 1854 blei i 1933 riven for å gje plass til ny kraftverksbygning (32). Kraftverket blei tatt i bruk i 1934. På enden av denne bygning blei det oppført ei ny smie (33) som ein kan sjå restar av i dag.
I 1923 blei det reist eit nytt bygg (21) til fargeriet. Det blei i 1934/35 utvida bort til sjøboda (29). I dag er deler av denne bygningen kantine/kafè hos Oleana og rommer et kalla «Fargeriet».
I 1927 blei det satt opp eit bygg (31) for renseriet. Truleg blei dette utvida, kanskje fleire gonger og sist i 1939.
Damp var ein sentral del av produksjonen i fabrikken. I 1935 blei ein ny fyrbygning (34 ) oppført til det nye dampsentralanlegget som blei tatt i bruk dette året.
I 1940 blei kraftverket utvida med to nye etasjar til kontor og administrasjon (35)