Situasjonsplan ca 1915-1920

Her ser det ut til at fabrikken har laga seg ei oversikt over bygningar på fabrikkområdet og litt lenger opp, med nummerering for kvart bygg. Murbygningar er spesielt markert. Øverst oppe, litt til venstre ser ein forsamlingshuset (bedehuset) markert som II R No. 22 mens nede til venstre er Peter Jebsens gamle bustad markert med II R No.5a. Huset som har nr. II R No. 21 er truleg “Larsinahuset” mens I R No. 2 er "Jomfruburet"

Enno er ikkje dagens “Elvavegen” frå kyrkja ført direkte ned til fabrikkområdet. Kjem ein frå sør må ein først ta turen opp på Leitet før ein kan svinge ned til fabrikken.

Oppgåve1:
Finn bygningane på kartet, dei som på bildet er peika på med blå, rød og grønn pil.

Oppgåve 2:

Kva blei bygga med høvesvis rød og grønn pil nytta til? Svaret finn du på tidlegare sider.