Ingen fleire store byggeprosjekt

I arkivet etter Arne Fabrikker er det svært mange teikningar frå tidleg i 1950-åra og fram til midt på 60-talet, og som viser mindre og litt større byggeprosjekt. Kva som berre var planer og kva som blei utført veit ein ikkje. Det siste store byggeprosjektet som let seg dokumentera og som truleg var påtenkt i fleire år finn ein i ein artikkel i BT 2. juni 1961. Der står det: “ Store byggearbeid er no i gang ved bomullsfabrikken. Resten av dei gamle trebygnadane vil snart ha vike plassen for moderne betongkonstruksjon, som i fyrste omgang vil vinne inn 3500 kvm. ny golvflate og gjere det mogeleg å rasjonalisere produksjonen. Seinare er det tanken å utvide fabrikkbygget vidare mot sør”.

Ein utvidelse av spinneriet mot sør er også omtalt i bedriftsbladet “Knuten” påsken 1954. Etter det ein veit blei det ikkje noko av dette.

Bilde 1, 2, 3 viser fabrikkområdet i 1948, 1955 og 1961 og er henta frå UIB si bildesamling.