Kraftverket frå 1934 - Del 1
Ved oppstart av fabrikkane i 1840-åra blei kraft frå vasshjul overført til akslinger, reimskiver og vidare til veve- og spinnerimaskiner. På slutten av 1850-åra fikk bomullsvarefabrikken sin første turbin, og etter kvart blei det slutt med vasshjul.
Alt i 1880-åra fekk fabrikkane elektrisk lys, først i ullvarefabrikken og seinere i bomullsvarefabrikken. Etter kvart som det blei innført elektrisk drift av maskiner blei det behov for mer el-kraft.
Tidlig i 1930-åra bestemte ein seg for å etablere eit større kraftverk. I juli 1932 bad ein ulike leverandørar om pris på vekselstraumsgenerator og turbin. Også turbinrøyr var ein del av det ein bad om pris på, dei skulle erstatte dei gamle trerennene frå inntaksbassenget oppe i elva og ned til den nye kraftstasjonen. Ingeniør Einar Greve frå Bergen var fabrikken sin tekniske rådgjevar og aktivt med i prosessen. Til å utforma sjølve bygningen nytta ein Erlend Tryti, fabrikken sin faste arkitekt.
I desember (7/12) 1933 er det i BT ei orientering om prosjektet. I mai (19/5) 1934 kan ein sjå eit bilde i avisa som viser at montering av røyrgata er godt i gang. Den 26. juli blei kraftverket prøvekøyrt og klart til å produsere straum.