Fabrikkområdet i perioden 1853 - 1856
Den 3. november 1852 oppstod det ein stor brann på fabrikkområdet. Kanskje starta det i den heilt nye ullvarefabrikken til Jürg & co eller i ein av dei andre bygningane til Peter? Resultatet blei at alt på tomta brant ned, berre dei to arbeidarbustadane blei berga.
I 1853 fekk Peter reist ein ny bygning (11) til veveriet, på same stad som bygningen frå 1846. Også ny spinneribygning (12) kom på plass dette året på same stad som det gamle spinneriet. Det hadde berre vore i drift i tre år før brannen. Ein reperbane-bygning (13) blei også reist i 1853. På oppsida av veveriet blei det i 1854 reist ein smiebygning (15).
Det var stor byggeaktivitet også i 1854 og endå fleire hus blei oppført. Eit av dei var ny pakkbod (14) d.v.s eit lagerbygg, heilt i sjøkanten. Nord for elva, nede ved sjøen vart det dette året reist ein fargeribygning (16). Bygget som ligg tett inntil fargeriet på oppsida er eit tørkehus (17) som blei reist i 1856, men blei fjerna i 1875 då nye bygningar skulle oppførast på tomta.