Arbeidarbustad (7) - 1851
Etter at det nye spinneriet kom i drift vart det behov for fleire bustader. Det vart derfor i 1851 sett opp ein ny bygning nord for den første arbeidarbustaden frå 1847. Denne var også utført i treverk med fundament/kjellar i gråstein og hadde tre skorsteinar. Huset blei rive i 1916 og nytt sett opp i 1917. Dette brann i 1919, og eit par år seinare blei det oppført eit murhus som står der i dag.
NB: Det er ikkje samsvar mellom informasjon i boka til M. L. Revheim og fabrikkens teikningar frå 1942-45 når det gjeld plassering av desse to arbeidarhusa. Revheim fortel at det første huset frå 1847 er det som ligg lengst mot nord mens fabrikkens teikningar viser det motsette. Denne forteljinga baserer seg på teikningane.
Ullvarefabrikk 1852 (8)
Siden den første ullvarefabrikken låg nede ved sjøen i lag med bomullsvarefabrikken blir den ein del av denne historia. Den inneheldt både veveri og spinneri.
Det var ein trebygning med grunnflate BxL = 11.3x25.1m. Grunnmur var som vanleg av gråstein. Det var fem etasjar i bygget. Første etasje gjekk berre over halve breidda på bygget mens øverste etasje var noko smalare enn resten av bygget.
Etter det ein klarer å lese av gamle teikningar var det i tredje etasje 1 rensemaskin, 2 kardemaskiner, 1 forspundmaskin og (nesten uleselig) 1 pilcingmaskin eller piecingmaskin.
I fjerde etasje var det bl.a 8 jernvevestolar m. rendebom og 4 påbomsmaskiner.