Den nye spinneribygningen, grunnarbeidet har starta

Det største byggeprosjektet som blei utført rett før og under krigen er det nye spinneriet (36). Grunnarbeidet starta i 1938 og bygget blei utført i tre etappar. Det gamle spinneriet frå 1884 blei etter kvart rive. I 1940 måtte Peter Jebsens gamle bustad (6b ) rivast for å gje plass til første del av nybygget.

Mangel på bygningsmateriell under krigen gjorde at det tok si tid å få bygget komplett ferdig. I BT 20. des 1948 står det at bygget er ferdig og montering av maskiner er i gang. Det nye spinneriet blir klart i slutten av 1949.

Veveribygning til høgre i bildet er ferdig, her eit flyfoto frå 1946

I 1939/40 starta ein med mindre grunnarbeid til ny veveribygning (22 ). Det var ikkje meir tomteplass så den måtte stå på same plass som det gamle veveriet. Bygningen blei reist i perioden 1940-1942. Den var lengre enn det gamle veveriet, og vegen ned til «foreningsbryggja» blei borte. Det førte til ei konflikt mellom Arne Forbrugsforening som eigde bryggja.

Siste etappe på den nye spinneribygningen er også snart ferdig.