Stiveribygning (28) 1903
Den gamle stiveribygningen frå 1882 blei riven i 1904. Året før, i 1903 blei det reist ein ny og større bygning. Den stod på same staden som det første veveriet frå 1846 låg.
Stiving er ein prosess garnet frå spinneriet går gjennom før det skal til veveriet. Garnet går inn på ein rennebom og blir senka ned i eit bad slik at trådane blir sterkare og mjukare. Den viktigaste bestanddelen i badet var potetmjøl.
Seinare blei bygget nytta til lager. Det kan du lese meir om under «Sjøbod 1917»
Stiveribygning og andre bygg på fabrikkområdet
På dette bildet som truleg er frå tidleg i 1920-åra ser ein stiveribygningen som nr. 28. Det er usikkert når den blei riven men truleg ein gong mellom 1967 og 1975. Den gamle smia (15) frå 1854 blei fjerna i 1933 for å gje plass til det nye kraftverket som åpna i 1934.
Den gamle kontorbygningen (26) frå 1885 blei riven i 1940 og ein ny og større blei reist. Spinneriet (25) frå 1884 blei gradvis rive frå ca 1940 og frametter mot slutten av krigen, etter kvart som det nye blei reist.