Fabrikkområdet i november 1847

Det starta i 1846, og i juli det året, etter mykje strev er den første fabrikkbygningen (2) sør for Blindheimselva nesten ferdig. Dei første 36 vevstolane er montert og klar for produksjon. Dei var kjøpt brukt i England, frakta sjøvegen til Bergen og vidare til Ytre Arna. Seinare på hausten auka antal vevstolar til 64. Drivkrafta til desse var vatnet frå elva som via vasshjulet førte krafta inn i bygget. Med dette var det første mekaniske bomullsveveriet i Norge i drift.

Planteikninga viser situasjonen i november 1847. Det er produksjon i veveriet, og hus over vasshjulet er no på plass. Ein hadde også fått reist den første arbeidarbustaden (3) på nordsida av elva. Det vesle huset (1) ovanfor veveriet er truleg det første huset som blei reist på fabrikkstaden. Her budde Peter heilt i starten slik det er omtalt i boka til M.L.Revheim. Eit naust sør for fabrikkbygningen tilhøyrde bøndene.