Dampsentral-anlegget frå 1935 - Del 2

Nokre år seinare, omkring 1941, måtte ein endre trasèen til dampledningen ut frå dampkjelen. Dette for å gje plass til det nye store lagerbygget som blei reist på den tida, sjå bilde.

I 1953 skjedde det nye endringar. Den gamle skorsteinen frå 1934/35 stod i vegen for utvidingar ved spinneriet og måtte rivast. Damputjevningskjelen (50m3) blei også flytta sørover, bort på kaien. Før den gamle skorsteinen var borte blei det murt opp ein ny på 42m. Huset til dampkjelen blei også utvida, bla. til ny dampkjele.

Når ein kjem til starten av 1980-åra blei det slutt på oljefyring, ein gjekk over til elektrisk kraft. Skorsteinen blei riven i mai 1988. Dampkjelen og dei to bygga blei truleg riven ein gong i 1990-åra?

Fargefoto frå 1961: UIB bildesamling. Svart/kvit foto frå 1988 er tatt av Bergens Tidende ved Ørjan Deisz.