Kontorbygningane frå 1940 og 1948/50
På slutten av 1930-åra hadde administrasjonen for liten plass i den gamle kontorbygningen frå 1885 sjølv om den hadde blitt utvida. Det var dårleg med tomteplass til ein ny bygning, og løysinga blei å rive taket på kraftverksbygningen og oppføre eit to-etasjes bygg der. Det måtte først støypast nytt tak over kraftstasjonen og det blei golvet i den nye kontorbygningen. Bygget var truleg ferdig i 1940.
Etter store utvidinga av fabrikken før og under krigen så blei det også behov for meir plass til administrasjonen. Kontorbygget frå 1940 blei utvida sørover ein gong mellom 1940 og 1950, og no med tre etasjar. Samtidig blei maskinhallen til kraftverket i undertetasjen også utvida. Bilde 1 og 2 er henta frå UIB si bildesamling.