Fabrikkområdet i desember 1850
Det har vore ei rivande utvikling på fabrikkområdet siden starten for fire år siden. Alt i 1848 hadde veveriet 128 vevstolar i produksjon. Dette opptok store delar av bygget og det var lite plass til lagring av både råstoff og ferdige produkt. Jebsen fekk derfor i 1849 reist eit pakkhus (4) på nedsida av veveriet, heilt i sjøkanten. Råstoff og anna materiell kom sjøvegen og då var det lett å heise dette opp i lagerbygningen.
Grunnlaget for produksjonen i veveriet var garn, og dette måtte kjøpast inn. Kvifor ikkje spinne sjølv tenkte Jebsen og starta planlegging av ein spinneribygning. Oppføring av bygget (5) starta truleg i 1849 og var ferdig hausten 1850. Dette var ein stor bygning på fem etasjar og var plassert på sørsida og tett inntil veveriet. Bygg 5a var eit overbygg vannhjulet