Spinneribygning på "Gården" - 1863
Bomullsspinneriet på «Gården» låg ikkje på fabrikkområdet nede ved sjøen, men lenger oppe ved elva der Jebsen hadde kjøpt eit jordstykke. Ein veit ikkje om bygget blei reist fordi ein hadde kapasitetsproblem i spinneriet ved sjøen, eller om det var andre grunnar. Bygningen var truleg oppført av gråstein, inneheldt kjeller/blindkjellar, to etasjar og loft. Grunnflata var på 12.5x40m. Midt i bygget var det eit stort vannhjul.
Branntakstprotokollen er datert 18. september 1863 men ifølgje M. L. Revheim var produksjonen i gang i august 1862.
Spinneribygning på "Gården " - 1863
I boka til M. L. Revheim fortel han at i dette spinneriet spant dei «varpet» mens «veften» blei spunne i spinneriet ved sjøen. Bommene med garn måtte derfor bærast frå den eine bygning til den andre. Produksjonen på «Gården» varte til 1894 og maskinene blei deretter flytta ned til det andre spinneriet ved sjøen.
Det skal også ha vore eit bleikeri og trykkeri i bygningen, men kanskje ikkje heilt frå starten. Desse aktivitetane blei avslutta i 1922 ifølgje Revheim. Bygget blei truleg rive seint i 1930-åra.