Møllebygning - 1876/77, seinare veveri (22)
Dette var ein stor tre-etasjes bygning med loft, og ei grunnflate på 18x50 m. Langs den øvre langfasaden var det eit lite fyrhus med dampkjele. Om mølla var eit underbruk av fabrikken eller eige selskap er usikkert. Kanskje var dette «Arne Mølle» som i 1880-åra leverte ‘Klid, Gris, Saaer og Affaldsmel» til Arne Forbrugsforening? Då var vegen kort frå produsenten til foreninga sitt lager rett ved møllebygningen.
Inntjeninga var ikkje alltid like god. Etter nokre år med produksjon vart mølla nedlagt i 1891/1892, og bygningen endra til veveri. Kanskje vart nokre eller alle maskinene frå dei to eldre veveria (1853 og 1867) flytta til bygningen?
Flyfoto frå 1934
Bildet viser fabrikkområdet midt i 1930-åra. Møllebygningen (22) har no fungert som veveri i meir enn 40 år. Den gamle spinneribygningen (25) står der enno, og det same gjeld sjøboda (19) frå 1865. Prosessen omkring sjøboda (uten tall) og «stiveribygning» (28) er omtalt under Sjøbod 1917.