Sjøbod - 1917 (29)
I 1903 blei det reist ein stor «stiveribygning» på oppsida av pakkboda frå 1854. Bygningen blei bl.a. nytta til lager, men hadde ikkje tilgang til sjøen. For å ordne dette ville fabrikken rive den gamle pakkboda (sjøboda) og byggje ei ny inntil "stiveribygningen" Den nye utforminga medførte eit for stort samla areal av dei to bygningane , ein fekk problem med bygningslova. I juni 1915 blei det derfor sendt eit brev til Departementet der ein ber om dispensasjon frå arealgrensa. I august kom positivt svar og året etter, i 1916 blei bygningen riven. Den nye sjøboda blei oppført i 1917 og er vist på eit bilde frå 1934.