Fabrikkområdet i perioden 1885 - 1904

I tidsbolken mellom 1867 og 1885 var det også stor byggeaktivitet.

Ny bygning (21) til fargeriet var ferdig i 1874. Vidare blei det ca 1875 sett opp ein stor møllebygning (22) ved sjøen. Ved sida av veveriet blei det ca 1880 satt opp en våningshus (23). Huset blei senere kalt “Jomfruburet”. Det blei i 1882 reist en stiveribygning (24) som blei rive i 1904. Inntil denne stod eit tørkehus (24a) som blei oppført i 1882 eller litt seinare og stod heilt til 1928. Gasstanken (6a) blei brukt til 1878 men rive først i 1925.

I sept. 1883 blei spinneribygningen frå 1857 øydelagt i brann. Alt året etter hadde fabrikken fått på plass en ny bygning (25) på samme stad.

I 1885 var det behov for å byggje ny kontorbygning (26). Ein hadde tidligare hatt kontor på loftet i den søndre “Langebygning” i mange år.

I 1902 blei veveribygningane (11) og (20) rivne. Det var behov for endringer i bygningsmassen.

Kaien til Arne Forbrugsforening frå 1885 “Foreningssbryggjo,” er vist som 27 på tegning.