Innleiing

Denne historia fortel kronologisk korleis Peter Jebsen, bror hans Johan og etterkomarar bygde opp bygningsmassen til bomullsvarefabrikken. Teikningar som viser dette fekk fabrikken laga i åra 1942-45, basert bl.a på gamle branntakstprotokollar. Ein hadde truleg behov for ei oversikt til 100-års jubileet i 1946.

Teikningane viser kanskje ikkje eit heilt riktig bilde av fabrikkområdet, men med nøyaktige lengdemål i alen (0.6275m) på bygg og innbyrdes mellom bygga gjev det oss likevel eit godt innblikk tilbake i tid. Det er fabrikken sin faste arkitekt frå 1920-åra og frametter, Erlend Tryti med sine medarbeidarar som har utført dette arbeidet. Teikningane er henta frå
UIB Marcus/Billedsamling. Kvaliteten er varierande som de vil sjå.

Foto: Norvin reklamefoto 1952