Bedriftsavisa "Knuten"
Knuten var bedriftsavisa til Arne Fabrikker frå 1946-1966 og kom ut to til fire gongar i året. Knuten inneheldt artiklar om produksjonen, reportasjar om sjølvbyggarlaga, sosialklubben, juletrefestar, intervju med pensjonistar om gamle dagar, for å nevna noko. I Knuten kan ein med andre ord fornemma livet i fabrikkane og Ytre Arna i denne tida.
Knuten bind saman symboliserer at arbeidarar, funksjonærar, leiing og eigarar blir samansveiste og arbeider mot eit felles mål.